Janne Hillersøy jobber som plan-, innkjøp- og kommunikasjonsansvarleg i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM). Der har hun vært ansatt siden 2011.

Bransjeprofilen

Kva balar du med?

Lat oss stoppe all avfallsinnsamling i norske kommunar i ein månad. Ingen samlar inn, sorterer, omlastar eller handsamar. Ingen ryddar opp etter forbruket. Det hadde nok gått langt mindre enn ein månad før me hadde gått frå og vera dei som «balar med boset», til dei alle etterlyste og ville ha tak i.

Publisert

Teksten står for skribentens regning. Vil du delta i debatten, kan du sende ditt innlegg til astri.klovstad@kretslopet.no

Fordi me vert fyrst synlege den dagen me ikkje er der. Det seier noko om vår bransje og det seier noko om samfunnet sitt syn på oss. Andre bransjar har ein langt større syn­legheit i folk sin bevisstheit enn vår bransje. Ikkje fordi bransjen vår manglar samfunnsbetydning, teknologi, ansvar eller kompleksitet. Men me manglar forteljinga om at det me driv med er kompetanse. Mange ser på oss som jobbar i avfallsbransjen som «dei som hentar boset», medan ein ser juristen, økonomen eller ingeniøren som ein fagperson.

Innad i avfallsbransjen har det heldig­vis skjedd mykje. Stoltheita har vakse. Me har fått meir fagleg sjølvtillit og eit klarare språk for kva me faktisk driv med. Det handlar ikkje berre om å hente boset. Det handlar om ressursar, miljø, beredskap, tryggleik og sirkulær­økonomi i praksis.

Og det er oss, folka i bransjen som har skapt dette løftet. Dei som køyrer rutene. Dei som står på mottak. Dei som kommuniserer, driftar, utviklar og analyserer.

Det er alle oss som har løfta bransjen frå å vera «dei som balar med boset» til å bli ein bransje som møtest med stolt­heit på Årskonferansen, BLEST eller andre gode møteplassar for avfallsfolk.

Men sjølv om me har løfta statusen internt er det ikkje nødvendigvis slik at det same har skjedd blant folk flest. Framleis er det lettare og få applaus for å score mål i VM enn for å sikre at miljøgifter ikkje hamnar på avvegar. Det er lettare og forstå verdien av ein operasjonssal enn verdien av eit vel­fungerande sorteringsanlegg. Det er lettare å lage helteforteljingar om dei synlege heltane enn om dei usynlege.

Under koronapandemien vart helse­personell omtala som heltar. Og det for­tente dei. Dei var verkeleg heltar og gjorde ein formidabel innsats. Fyrste­lina i den bransjen kunne ikkje jobbe på heimekontor. Men det kunne heller ikkje fyrstelina i vår bransje. Likevel var det få som stod på balkongen og klappa for bosbilen.

Mitt poeng er ikkje å sutre over manglande applaus, men kontrasten seier mykje om vår bransje i folk sin bevisstheit. I media sin bevisstheit. Og til sjuande og sist i dei som deler ut midlar, lagar lovverk og tek avgjerder sin bevisstheit.

Avfallsbransjen får gjerne merksemd når noko ikkje fungerer. Og der ligg noko av utfordringa vår. Når avfallsbransjen fungerer, er me nesten usynlege. Dun­ken er tømd. Ressursane går vidare. Folk går vidare. Systemet fungerer og når system fungerer tek folk det for gitt.

Og det er bra! Misforstå meg rett, det viser berre at me gjer jobben vår. På ein framifrå måte. Men ein bransje får ikkje nødvendigvis høg status fordi han for­tener det. Han får status fordi folk for­står verdien av det dei «balar» med. Men spør du folk kva avfallsbransjen driv med, vil nok mange svare: «Dei balar med bos.»

Det er vårt problem. Me må bli betre til å heve statusen for bransjen «der ute». Der ute blant vanlege folk og andre folk. Med stoltheit må me for­telje kva me gjer. Me må synleggjere at sirkulærøkonomi ikkje oppstår fordi det står i ei Stortingsmelding eller i eit fjongt slagord på ein vegg. Det oppstår i vår bransje, blant våre folk.

Det betyr ikkje at bransjen er ein fest av eit fyrverkeri kvar dag. Det luktar ikkje alltid berekraft. Mange dagar handlar om våt papp, feilsortering, overfylte dunkar og funn som får ein til å mista litt trua på vår art.

Men me må eige historia vår slik at me ikkje vert reduserte til lukt, over­fylte returpunkt og gebyr. Dei som «berre» balar med boset og som folk irriterer seg over rundt lunsjbordet.

Me må bli hugsa for andre årsaker enn for den dagen me ikkje kom. Ikkje fordi me treng applaus. Men fordi me treng folk. Kloke folk. Flinke folk. Prak­tiske folk. Arbeidsame folk. Unge folk som har vår bransje som draumeyrke når dei vert vaksne.

Så neste gong du er i ei forsamling og nokon spør kva du balar med. Så svar dei: I min bransje jobbar det også øko­nomar, juristar og ingeniørar. Eg balar med råvarer, ressursar og teknologi i ein samfunnsnyttig bransje, avfallsbransjen.

Og vèr stolt av det! Skikkeleg stolt.

Powered by Labrador CMS